Eg er for tida nett ferdig med min bachelor i musikkvitskap og latin ved NTNU i Trondheim, der eg trivst framifrå! Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å engasjere meg då eg flytta til Nidaros, men so byrja eg å keie meg, og enda opp med å fylle fritida med m.a. kor, korps, karate og orgel. Av og til finn eg det underhaldande å tenkje, og då til gjengjeld litt for mykje, slik at det kan vere godt å få det ned ein stad, som til dømes i ein blog, slik at andre også kan få eit innblikk i min kvardag, samt at andre som elles ville vorte belemra av all denne tenkjinga kan få litt avlasting. Elles tek eg byrgskap av å vere gladast mogleg, og det verserar teoriar om at eg har eit gledes-enzym for mykje. Dette er eg viss på at dei tykkjer er grusomt interessant på NTNU, og kjem til å forske på det. Dersom dei ikkje skulle gjere det, kan du i alle fall sjå korleis symptoma utartar seg her i denne bloggen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar